onsdag, mai 13, 2015

Dagbok 2015: 13.mai

Klokka er ca 22.30. Temperaturen ute er +5,4 grader C. Det har vore overskya og regnbyger i dag.
Den første jobben min i dag var å skrive referat, det gjekk relativt greitt. Så laga vi oss eit måltid før vi sette kursen mot Nordfjord. Det passa særs dårleg med ferja då vi kom til Volda, så vi ville køyre rundt-- vi tok like godt vegen om Hornindalen, for der var beste vegstandarden. Men det er tydeleg at vegane slitest, for langs Hornindalsvatnet var ikkje vegen så fantastisk lenger.
Vi var ein tur opp på gravplassen før vi landa i Alleen hos bror min. Etter kvart kom fleire av storfamilien innom, det er ikkje så ofte vi ser kvarandre, så det var stas. Vi prata og prata, så det varte ei stund før vi kom oss av garde att.
Men eg skulle først ta nokre bilde. Dessverre var batteriet til kameraet tomt, så det blei berre eit par mobilbilde av laber kvalitet. På det øvste ser vi huset til bror min og familien, det som han overtok etter besteforeldra våre.(Det ser svært malingslite ut på  bildet, men det er det ikkje). Så tok eg bilde av huset der Marit budde siste året ho gjekk på gymnas på Eid. Håper ho finn det neste gong ho er på Eid.
På heimvegen stakk vi innom Margrete, og så køyrde vi rundt Austefjorden heim att. Så vi har hatt oss litt av ein runde i dag. Takk til alle som tok godt imot oss. De er velkomne innom her når det høver slik. No har vi ferie-trur eg.


1 kommentar:

Hildegard sa...

Veldig kjekt med besøk, og tusen takk for fisk og bursdagsgåver m.m.. Vi har eit stort hus frå 1920 som treng stadig vedlikehald, ser litt "umåla" ut på bildet ditt, tek seg nok betre ut i solskin...

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...