lørdag, desember 17, 2016

Dagbok 2016: 17.desember.

Blant dei gamle bilda som eg får til å legge inn, fann eg dette bildet av Hareidskyrkja-det var det året det var så kaldt på julaftan.

Klokka er19.00, temperaturen er + 6  grader C og det har vore rimeleg bra vêr i dag, trur eg. Har ikkje vore mykje ute, men eg har i alle fall registrert at det er vått på vegen og at det regnar litt.
I går gjorde eg nesten ingen ting, så i dag bestemte eg meg for å vere litt flittig. Det har eg for så vidt vore, utan at resultatet vart så imponerande.
Sidan Nils likte så godt julebrødet som naboen kom med, tenkte eg at eg kunne lage nokre eg også. Brukte ei oppskrift frå Facebook, men eg må ha gjort eitt eller anna gale, for deigen ville ikkje heve seg skikkelig. Eg hadde gjær i, det det var ikkje der feilen låg. Det hadde vore betre eg ikkje hadde brukt oppskrift, for det skal noko til å mislykkast med gjærdeig. OK!  vi åt av brødet attåt kaffien, og om det kravde litt ekstra tygge-energi gjekk det ned.
Eg hadde noko bruning ståande i ei gryte, så eg laga veldig rikeleg brun saus i dag. Halvparten brukte eg til middag, supplert med ferdigkjøpte medisterkaker, kålrabi og poteter. Nils likar så godt rabbe til brun saus, og i dag åt han like mykje til middag som eg. Han er "flink" å få i seg mat no, håper det viser på vekta også. Aberet for min det er at eg også et - eg som nesten hadde slutta. Innimellom et han klementinar - og det er heilt frivillig. Han drikk også eit par porsjonar med styrkedrikk frå apoteket kvar dag. Det er alfa og omega at han får opp att vekta.
Sidan Eirik jobbar her i bygda sende eg melding til han med spørsmål om han kunne køyre meg på butikken. Eg hadde tenkt å gå ned på Kiwi i går, men fann ut at det minka på melk etc. så eg utsette handelen til i dag. Eirik kom rett etter arbeidstid og vi handla på Kiwi i full fart, så no har eg alt eg treng i huset. Skal i alle fall bake skikkeleg næringsrikt brød til Nils, med gode skorper, det set han pris på. Kjøpebrøda er stort sett mjøl og vatn, trur eg, mens mine brød er laga med melk, egg, olje etc. Så får eg heller ete litt mindre sjølv.
Ja, det handlar mykje om mat her i huset, for tida, men det går betre med Nils etter kvart som kreftene kjem tilbake, og mi oppgåve er å syte for at han får mat.
Han sit mykje i stolen sin og ser TV-og det må han berre gjere, heldigvis er det mykje sport for tida.
Eg sette meg ned med lydbok etter middag, men det var heilt nyttelaust-eg dikta sjølv etter få minutt, i halvsøvne rota eg i hop hendinga i boka med det som var på TV -men mest det som var inni hovudet mitt. Det var berre å "sprette opp" og koke kaffi. No blir det vel TV utover kvelden, håper dei har litt meir å by på enn i går.
No skal eg først av alt legge i hop ein klesvask. I morgon skal adventspynten ut, og jula inn-trur eg.
!7. desember vil eg alltid hugse som den dagen både mamma og Hilde vart innlagde på sjukehuset på Eid. Det var i året 1990.Derfor hugsar eg også at Hans Petter har fødselsdag i dag og vi gratulerer!



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...