søndag, desember 18, 2016

Dagbok 2016: 18.desember


Klokka er 18.10, temperaturen + 9 grader C og litt regn, slik det har vore siste dagane. Anders Hovden skreiv i si tid ein julesong som er lite kjend utanfor Ørsta:
"Kaldt og mørkt og lite sol
såleis er det fram mot jol"- det einaste som manglar er kulde, det har det vore lite av til denne tid.
Sist natt sov eg veldig dårleg. Då eg endeleg sovna vakna eg opp att gong etter gong og verkte snart her og snart der. Då det var på tide å stå opp verkte eg ingen stader, så det var no eit pluss.
I dag hadde eg ein plan, eg skulle rydde ut adventspynten og få inn julepynt og så skulle eg bake.
Dei julebrøda eg laga i går er den største katastrofen i min bakekarriere. Tunge som murstein- og ikkje smakte dei godt heller. Forstår ikkje kva som hende.
I dag laga eg ein stor kveitebolledeig etter ei oppskrift eg har brukt tusen gonger før. Laga eit brett med bollar, og to kveitebrød med rosiner. Det vart litt betre resultat enn i går, om enn ikkje perfekt.Mens deigen stod til heving strauk eg løperar og la på både her og der. Eg har rikeleg av den sorten, for å seie det forsiktig.
Til middag laga eg gryterett med ris til, og Nils åt, meir av plikt enn av lyst. Han får i alle fall i seg mat, om det ikkje er direkte store mengder han set til livs.
Etter middag måtte eg legge meg på sofaen ei stund, fordi det var eit akutt behov.
Elles har eg funne ut av korleis eg skal legge inn og ta ut bilde frå nyemaskina, men eg har enno ikkje sjekka ut redigeringsprogram, derfor er ikkje bilda så veldig bra.
Nils ser handball på TV no, han ser stort sett TV heile dagen, men no har eg sett meg inn på datarommet for å lese bok og strikke.
PS: Eg har blitt retta litt på. Det var ikkje Anders Hovden som skreiv "Kaldt og mørkt" men ein som heitte Laurits H.Hov, frå Gausdal. Eg må ha høyrt feil; særleg sidan han som tonesette diktet heitte Anders Hove, er det sannsynleg. Eg takkar den som retta på det, sjølv om han/ho er anonym.





1 kommentar:

Anonym sa...

Anders Hovden har skrive mange gilde songar og salmar, også julesongar. Men teksten til Kaldt og mørkt og lite sol er skriven av lærar Laurits H. Hov frå Gausdal. Den kom første gong på prent i bladet Bonden i 1912. Lærar og stortingsmann Anders Hove frå Lillehammer tonesette diktet i 1913. Songen har vore mest brukt, og best kjend på Vestlandet, kanskje ikkje Ørsta spesielt.
(Kjelde: Terje Aarset: Den nynorske songskatten).

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...