Klokka er 19.45, temperaturen er + 3 grader C, og det regnar. Regn og grått har det vore i heile dag. Og eg har vore trøtt ! Somna ikkje før på morgonsida, og så stod eg i tillegg tidleg opp.
Fekk gjort ein del før middag. Bytta på sengane, og vaska kleda. Vaska soverommet og dei andre golva, men støvsuge får eg gjere i morgon eller ein annan dag, litt nærmare jul. Då kleda var tørre i tørketrommelen, fekk eg stryke og legge på plass. Eg er vel inga superhusmor, men å stryke er noko av det eg likar, og derfor gjer eg det.
Middagen vart lettvint i dag også. No var det siste fiskegratengmiddagen som gjekk av stabelen, så får vi frigjort litt plass i frysaren. Kanskje eg kan bake litt meir?
Har att å kjøpe nokre gåver, kanskje det blir litt handel sidan eg likevel skal til Volda i morgon. Skal ta sprøyte for den låke hofta mi.
Pakken frå Rasmus er komen til bygda, skal hente den i morgon. Nils var nedover ein liten tur i dag, men eg miste lysta på å fare ut då eg såg vêret.
Etter at vi hadde ete middag, måtte eg berre gi meg over å slappe av på sofaen. Mens eg stryk, og mens eg slappar av kan eg høyre lydbok og det har eg gjort i dag også. Elles skjer her ikkje mykje, og det er kanskje det beste.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
3 kommentarer:
Heldig du som likar å stryke, det blir eg lei av etter fem minutt.. Likar betre å pusse vindu, så det gjorde eg i dag
Eg likar å pusse vindu også. Men for ikkje å høyrest altfor prektig ut, kan eg opplyse at å bake småkaker er omtrent det verste eg veit, så det gjer eg lite av.
Bra vi er ulike! Eg synest det er kjekt å lage småkaker:-)
Legg inn en kommentar