fredag, desember 26, 2014

Dagbok 2015: 26.desember = 2.juledag.



Så fekk vi i alle fall kvit jul i år.

Denne juleduken har motiv av dei heilage tre kongane, og skulle vel eigentlig vore i bruk 13. dag jul. Ikkje pynt på bordet, for vi må ha plass til maten.

"Ungdommane" plar sitte ved salongbordet. Dei minste barna plar vere i lag med dei vaksne. Men i dag ville ingen vere så små at dei sat i lag med oss, så dei flytta hit.Duken ser litt rar ut, men om ein klikkar på bildet blir den normal.

Klokka er 19.30, temperaturen ute er minus 3 grader. Her har kome meir snø, men ikkje så mykje som på Hareid.
Andre juledag er det tradisjon å samle familien her hos oss. Og slik blei det i år også. Maten var også tradisjonell; Stroganoffgryte med diverse tilbehør. Til dessert hadde vi bløtkake og kaffi. Det vart mykje eting og prat-det er også ein tradisjon.
Det var einkvan som ymta frampå om at dei forlet eit rotehus. Eg kan berolige alle med at no har vi rydda opp att, så no er det berre å vente på at oppvaskmaskina skal gjere seg ferdig.
Eg skulle ønske at vi kunne få nokre dagar med snø og kulde og sparkføre, elles blir eg berre gåande og trakke inne.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...