mandag, desember 29, 2014

Dagbok 2014: 29.desember

Klokka er no17.30. Temperaturen er + 2 grader C.
Sist natt hadde det kome mykje snø, så alle mannfolka i gata fekk ein travel føremiddag, med gratis trim på kjøpet. Etter kvart vart snøen meir og meir flytande, så no ser det ut til at den kvite jula renn vekk.
Mens Nils mòka ute, rydda eg opp inne, vaska og støvsuga. Det var faktisk behov for det i dag. Var nokså maroder då eg stod opp, men ryggen har faktisk best av at eg er litt aktiv. Det å sitte er framleis vondt.
Vi var ein liten tur nedover på biblioteket for å hente ei bok som eg skal rippe. Om eg kjem til å lese den er ei anna sak. Sist natt låg eg våken og skulle lese i ei bok, til slutt vart eg så lei av både boka og opplesaren at eg stod opp, fjerna boka frå iPoden og la inn ei anna. DÅ somna eg. No har eg begynt på enda ei anna, men veit ikkje om eg likar den heller.
Tenkte eg skulle gjere eit varp på Cubus i dag, men det eg skulle hamstre var utselt. Var innom parfymeriet og kjøpte noko anna eg skulle ha, til ordinær pris. Såg nokre flotte raude jerngryter, med lòk, på Kitch`n i dag, til 545 kr-syntest det var ein rimeleg pris. Berre synd eg ikkje treng ei slik.Det var meir folk på Amfi i dag enn før jul.
I dag blir det kjøpepizza til middag, har den i omnen no. Ja, eg legg no på litt ekstra fyll. Her er det stort sett Nils som bestemmer middagsmenyen, og det er heilt greitt for meg.
                                 Parkeringsplassen ved Amfi i dag. Mobilbilde.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...