lørdag, desember 13, 2014
Dagbok 2014: 13.desember= Luciadagen
Klokka er 18.00, temperaturen er 0 grader C og det har vore mørkt, regn og slaps i heile dag.
I dag vaska eg eit par skuffer på kjøkkenet etc. og så var vi ein tur nedover. Fekk kjøpt eit par julegåver, men laurdag er ikkje rette dagen for oss innfødde å handle. Men det var i grunnen mat vi trong mest, og det fekk vi tak i.
Etter at vi hadde ete lunsj, la eg meg på sofaen med lydbok, og der vart eg liggande. Men det ser ut som om sofakuren virkar, for eg er mykje betre i dag, både i rygg og føter.
Eg driv og les Lars Mytting si bok. Då kom eg brått på at det jo er han som har skrive den bestseljande boka "Hel ved", som eg faktisk har lese. Den handlar om vedhogst m.m. noko som mange nordmenn har eit forhold til. Boka eg les no, er nominert til bokhandlerprisen.
Prata med ei jamaldrande veninne i dag, og vi kom inn på sølvpuss. Verken ho eller eg har brukt sølvet sidan vi pussa det i fjor. Så i år blir det ikkje pussa. Men så kom eg på at kopar og messing må pussast, det hadde eg heilt gløymt. Begynner visst å bli litt sløv.
Men uansett skal eg lage middag no. Det blir steikt blålange med heimelaga remuladesaus.
Og i morgon skal vi på ballett. vi skal berre sjå på, for all del.
TV-en står på -sportsjabb. Eg let berre att øyrene.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar