Klokka er no 21.45, ute er det lettskya, fint og + 19 grader C. FOR ein sommar vi har. Vakna i dag til mykje finare vêr enn forventa, så eg var ikkje heilt klar over kva dagen skulle brukast til. Einaste som stod på programmet mitt var hårvask. Nils skulle klippe resten av plenen.
Etter at håret var vaska gikk eg over vegen og sat og prata med Marit til håret var tørt.
Då måtte vi på ei lita handlerunde. Har lenge iritert meg over øyreproppene mine, dei eg brukar når eg høyrer bøker. Dei er veldig gode, men litt harde, så eg blir sår i øyret av dei. Derfor kjøpte eg meg eit nytt sett i dag med mjuke propper. Og som alltid når vi er på El-kjøp hamstra vi kaffi.
Så vart det ein tur innom Amfi, der vi handla mat på Coop og eg var innom -nille og kjøpte meg garn til legg/knevarmerar. Har så vidt lagt opp og strikka eit par omgangar.
I dag vart det festmiddag med steikt makrell, mandelpoteter, rødbetar, agurk og rømme. Det var noko anna enn kafemat frå Selje. Vi åt godt for å seie det forsiktig.
Etter at vi hadde ete og slappa av litt klipte Nils resten av plenen og vaska garasjegolvet med Klorin, så no luktar det i alle fall ikkje fisk.
Eg har berre gått og småsurra og ikkje gjort så mykje til gagns.Eg fekk noko gjødsel så eg gjødsla staudene nedst i hagen, delte opp ein potteplante etc. Og så ringde eg ei veninne og prata ei stund med henne. Det kan gå ein månad eller meir utan at eg brukar telefonen, mens Nils pratar med folk kvar dag. Og det må han sjølvsagt gjerne gjere.
I dag har vi sett TV også "Grønn glede" og "Bonderøven". Til vanlig tek vi opp programma og ser dei seinare på kveld.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar