Klokka er snart 21.30. Ute pøsregnar det og gradestokken står på + 16 grader C. Tidlegare i dag var det lettskya og fint. Vi har blitt så vant til å vere ute at det er nesten litt rart å vere under tak. Men finevêret måtte vel ta slutt ein gong.
Nils for på sjøen klokka 7.30 i dag. Han var ute etter å få meir makrell, men kom heim med sei og berre sei. Men sei er det ein vert sist lei av, trur eg, har ete eit tonn siste åra.
Mens han var vekke vaska eg golva og støvsuga, så no er helgevasken i boks.
Etter at vi hadde ete lunsj, tok vi ein pause, der eg blant anna blogga litt og strikka på leggvarmarane mine. Før vi gjekk ut og begynte å plukke rips på den vanlige måten. Nils klipte av dei eldste greinene nede ved rota og la dei på hagebordet. Så plukka vi bera der.Det er utrulig mykje rips på det eine ripstreet, litt mindre på det andre.
Då vi var komne godt i gang, begynte det sjølvsagt å regne, så vi måtte gå i hus.
Nils koka småsei, poteter og gulrot til middag.Eg er ikkje betrudd å koke fisk, berre steike. Potetene hadde han funne i eigen åker, og dei stammar frå Kjølsdalen.Potetene var gode,dei.
Han har hatt ein liten bytehandel med mora til naboen, ho fekk så-erter av våre sukkererter. Vi har ein god sort som vi kjøpte for mange år sidan, og Nils tek "frø" av dei kvar haust, tørkar og sår neste vår. Sorten heiter "Frühe Heinrich" og vi kjøpte dei første på Plantasjen på Moa. Sidan har vi ikkje kjøpt så-erter.
Eg har vore litt lat i sommar, så det blir ein overgang å begynne å "jobbe" igjen-innomhus. Det er litt av kvart som står på vent.
Men eg slepp no å begynne på skulen - eller streike. Nokre fordelar skal ein ha som pensjonist.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar