onsdag, august 22, 2012

Vêrmelding 22.august - 2012

Klokka er 18.45, temperaturen er + 18 grader og det er opplett. Då vi stod opp i dag låg skodda heilt ned på marka, men det letta litt etter kvar, såpass at eg fekk kvile middag på altanen- med dyne.Skodda vart aldri heilt vekk, og etter kvart kom det meir. Dette har vore ein skoddesommar utan like.
I dag har eg ikkje vore så veldig aktiv, men fekk rydda litt i hagen før middag, ikkje alt syner like mykje att.
Til middag steikte eg pir igjen, i år får vi visst ikkje nok! Sidan fiskane er små og ikkje så feite som den store makrellen går ein ikkje så fort lei. Eigentlig skulle vi ha den i morgon, men då skal eg til frisør, og vil ikkje øydelegge fornyinga med lukt av steikt fisk. No har Nils vore på terminalen og fiska frå land, og har trulig fått noko, for eg høyrer han tappar vatn ute.
På bildet over kan de sjå kva som blomstrar i "garasjebeddet" no. Blant anna lavendelen som eg fekk av Elin for to år sidan.
Har hausta rabarbra heile sommaren, frys det eg ikkje brukar med det same. Rabarbraen treng mykje vatn, men sidan blada tek av for regnvatnet, har eg konstruert eit vatningssystem. Eit plastrør som går eit stykke ned i jorda, der vi fyller på med ekstra vatn. Rabarbrarota er plassert i ein sementring for å halde graset unna, men då eg såg bildet, oppdaga eg at eg hadde luka berre på eine sida.
Naboen har eit prosjekt på gang. Han har greve ei djup hole for å nå tak i kranen som styrer vasstilkoplinga. No ventar han på rørleggar. Nils gjorde same operasjonen her for nokre år sidan.
Det skortar ikkje på prosjekt her i pensjonistgata.

Ingen kommentarer: