torsdag, mai 30, 2013

Dagbok 2013: 30.mai

Klokka er ca 21.30, temperaturen er + 19 grader C, det er lettskya og fint. Det har vore ein varm og nydelig dag, med temperatur opp til +27 grader.
Nils for på sjøen i 8.00 tida, det var nok litt for seint på dag, for han fekk lite fisk. Vi hadde så vidt nok småsei til middag, og så har vi litt lyr som eg kanskje skal lage noko av i morgon. Eg vaska golva til helga, men utsette støvsuginga.
Har gjort lite og ingenting ute i dag, vart så låk i føtene(hælane) etter gårsdagens trakking. Har lagt mykje på altanen og slappa av med lydbok. Då det leid utpå ettermiddagen, etter at vi hadde ete ein sein middag, tok eg meg sammen og skreiv referatet, så no skal eg sende det til avisa. Det er ikkje så lenge gjort når eg først kjem i gang. Skriv "fort og gale".
Elles har eg stått mykje oppe ved muren til Marit og prata med alle som går forbi. I kveld tok eg bilde av nokre av blomstrane hennar. her hos oss har vi ikkje fått orden på plantinga enno.


2 kommentarer:

solveig sa...

Fine blomster hos Marit. Ho har ein kjekk mur å jobbe ved!

Besta sa...

Ja, eg likar betre å luke hos henne enn hos meg sjølv. Ved muren kan eg stå oppreist!!!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...