Her vart det litt jobbing før middag. Nils planta i blomsterkassene, i år blei det tre kantlobelia og to rosa nellikar i kvar kasse. No gjeld det at vi ikkje får nattefrost; i går kveld var det nede i +3 grader C.
Nils måtte også filetere fisk, slik er det berre når ein brukar laurdagen til fiskeri.Men eg er glad for at han ikkje fiskar så mykje om gongen. Eg laga middag til i dag og delvis til i morgon, sidan eg skal på eit møte på føremiddagen då.
Etterpå gikk vi ein tur i lag rundt Storebakken, ikkje så lange turen, men betre enn ingenting. Det kan hende eg tek ein liten tur til, men eg plagast med hælen, blant anna. Når eg går rundt her i nabolaget, kan eg følge med på alle hage- og byggeprosjekt og anna som skjer.
No har vi skeia ut med krokanis til kaffien, ikkje så ofte vi går i sukkerfella her. Reknar med at Nils finn ein fotballkamp, så då kan eg gå tur med bok på øyret.
Bjørkene begynner å bli grøne, så våren er bra i rute, ikkje alle år ein har utsprotten bjørk til 17.mai.
Plenen ovafor garasjen plar vere både grøn og blå på denne tida av året, men i år er det litt seinare enn vanlig. Somme år har vi klipt plen to gonger før 17.mai. Det slepp vi i år.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar