mandag, mai 13, 2013

Klokka er snart 20.00. Vêret er lettskya og fint, temperaturen er+ 10 grader C.
(Fekk ein telefon frå ei veninne men no er eg tilbake). Nils har funne seg ein fotballkamp i dag også, så kanskje eg må gå ein tur, har ikkje vore ute før i dag. Før middag gjorde eg først litt husarbeid, så var eg på styremøte i pensjonistlaget, og så laga eg ferdig middagen til Margrete og ungane kom litt før klokka 16.
I dag vart det gammaldagse kjøttkaker i brun saus-skikkelig bestemor-mat. Amanda skulle på ballett, så det var ikkje så lenge ho var her, og Erlend var heilt oppslukt av iPaden min, så det var ikkje mykje vi såg av han heller.
Nils var ned og pynta på jordbæråkeren mens eg sat i telefonen. Elles har det ikkje hendt så mykje i pensjo-heimen i dag, og det er kanskje det beste.
Eg har ei bok som går mor slutten, så eg må kanskje ta ei runde med bok på øyret.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 25.juli

Bilen er komen heim Klokka er no 17.50, tewmperature3n ute er +15 graderC og det regnar. aeg har bala for å komme så langt at eg kan skrive ...