tirsdag, mai 14, 2013

Dagbok 2013: 14.mai.

Klokka er no 19.45. Ute skin sola, og vi har hatt ein fin dag med lettskya vêr.No er temperaturen + 14 grader.
I dag tok vi 11.15-ferja frå Volda og køyrde inn til Margrete. Ho hadde ei bjørk liggande, delvis oppkappa. Nils ville inn og kløyve den til ved. Vi hadde med oss vedkløyvaren og to motorsager m.m.Nils skulle kløyve og eg løde opp veden, var planen.Eg fekk det ikkje særlig travelt, for å  seie det slik. Bjørka hadde lege litt for lenge og tørka ut, så kubbane ville ikkje sprekke.Kløyvinga vart ikkje så lettvint som vanlig,men vi blei likevel nesten ferdige.På slutten hadde vi hjelp av Eirik, som var den som kom først heim att.
Det var heller ikkje så enkelt for henne som skulle løde pent opp kubbar i alle lengder og fasongar.Det er kjekt å jobbe med ved!
Vi var fulle av sagmask, så vi ville ikkje gå i hus. Margrete serverte pølser og brød på altanen, det gikk fint det, men temperaturen og vinden gjorde at det ikkje var det heilt store å "spise ute".
Vi bestemte oss for å køyre rundt fjorden heim att. Det tok si tid; dårlige vegar og mykje vegarbeid gjorde at vi måtte køyre sakte.
I Volda henta vi takbøylane til Øystein hos den førre eigaren av den "nye" bruktbilen.Dei er kjøpt og betalt.
I morgon kjem Ingeborg heim att.
I dag kan vi gratulere Ruth med dagen!

3 kommentarer:

solveig sa...

I dag har de vore nyttige for slekta! Flott at de fekk henta bøylane!
Øystein for rett på juniorkamp saman med Håkon etter jobb i dag. Dei kjem att 21.30.

Hildegard sa...

Litt av nokre kubbar de har baska med. De er flinke. Det blir nok godt å få heim att storesysta i huset, litt av ein tur ho har hatt.

Besta sa...

Ja, gjett om vi skal vere glade når ho er vel heime.
Ja, vedarbeidet vart litt vanskeligare enn vanlig i dag, men vi har tida å ta av. Ser de den klypa som Eirik ber kubbane med? Den er heilt fantastisk. Eg bar ein stor haug med kubbar som ingen ting med den...

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...