onsdag, mai 15, 2013

Bok nr.24 - 2013: Tråden


Beskrivelse:
En by i opprør. Et folk i fare. En fortelling om håp, lojalitet og kjærlighet.

Thessaloníki, 1917. Den natten Dimitri Komninos blir født, raseres den multikulturelle byen Thessaloníki av en katastrofal brann. Fem år senere må en liten jente, Katerina, flykte til Hellas, da hjemmet hennes i Lilleasia blir ødelagt av den tyrkiske hæren. I kaoset om bord på båten kommer hun bort fra moren sin. Fra den dagen flettes livene til Dimitri og Katerina sammen.

Thessaloníki, 2007. En ung gresk mann, oppvokst i London, nå student i hjemlandet, får høre livshistorien til sine besteforeldre for første gang - en dramatisk historie om mennesker som er blitt drevet vekk fra sin elskede hjemby med makt og vold. Historien han blir fortalt gjør et uutslettelig inntrykk og får også store konsekvenser for hans egen fremtid.


Dette er den tredje boka eg har lese av Victoria Hislop, frå før har eg lese "Øya" og "Hjemkomsten".
"Tråden" er skriven etter same mal: På eit bakteppe av historiske hendingar har ho plassert eit knippe fiktive hendingar. Dette dannar det som eg ville kalle ein "dokumentarroman"-eller viss eg skal vere litt stygg: "Dokusåpe."
For å vere heilt ærlig så likar eg best dokumentarstoffet, som er gresk historie på 1900-talet, gjennom verdskrigar, politisk kaos etc. Det er interessant lesning. Dei fiktive personane blir aldri interessante for meg, dei er relativt mange og ein kjem ikkje skikkelig under huda på nokon av dei. Victoria Hislop skriv nærmast i referatstil, og språket er lite spennande. Heilt greitt, men ikkje meir.
Viss du likte "Øya" vil du kanskje like denne boka også.

3 kommentarer:

solveig sa...

Øya starta ganske bra. Det var interessant å lese om leprasjukdomen. Eg har enno ikkje slått frå meg å reise dit ein gong ...

Besta sa...

Interessant å lese om øya og leprapasientane. Resten var berre pjatt.

Bjørg sa...

Ja, de må besøkje øya med den vesle båten som fraktar folk dit ut frå Plaka.Ein kjenner att mykje frå boka:
vaskeplassen, gata, husa med to etasjer,tunnelen..
Eg fekk autografen i boka mi av "doktor Kyritsis" og "Petros Kontomaris" som eg møtte i gata i Plaka. Dei spelte inn film om Øya, men den har eg ikkje sett noko til.
Elles har eg og nettopp begynt på Tråden.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...