mandag, juli 20, 2015
Dagbok 2015: 20.juli
Klokka er 19.30. Temperaturen er +15 grader C, skodda ligg sid og eg trur regnet er på veg. Tidlegare i dag har det vore opplett, og eit par små glimt av sol.
Eg starta dagen med å shine opp kjøkkenet, og vaske golvet. Nils begynte med å slå plenar opp mot vegen.Vaskemaskina vart sett i gang etc.etc.
Så jobba eg litt ute i hagen før det var pause, som eg brukte til å strikke og høyre lydbok.
Så vart det meir hagearbeid. Nils klipte meir plen og eg klipte kantar. Eg tok eit par runder med klipparen med "drag"-men det gjekk litt for fort for meg. Så klipte eg ned nokre store "såter" med avblomstra iris og ballblom.
Alt dette gjekk greitt, men så kjem reaksjonen: RYGGEN min toler ikkje at eg bøyer meg, og smertene spreier seg til hofta og foten. Eg veit det i grunnen på førehand, men tek sjansen gong på gong, særlrg når eg har vore bra ei stund. Ja, eg håper det blir likar` i morgon.Men eg får vel la vere å strikke i kveld-kanskje.
Nils laga sein middag, i dag var det kokt,salta lange.
Alt er seint i år, men gras,tre og buskar veks noko alvorleg. Vi har oppdaga at svartbærtreet ikkje er fullt av humler, slik vi først trudde, en av kveps! Det summar som ein motor. Men eg har ikkje blitt stukken-enno i alle fall.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar