lørdag, juli 23, 2016

Blomsterbed.


Eg har ikkje så mange blomsterbed att, maktar ikkje alt arbeidet med dei. Men bedet ved garasjen prøver eg å halde orden på. I utgangspunktet skulle det vere i blått og rosa, men så fall eg for freistinga å putte inn eit par raude roser. Hadde nokre fine orange liljer som mangla ei seng, så fekk eg plass til dei også. Det gjekk bra, men då nokre gule liljer også vart sett ned, vart det liksom hakket for mykje. Dei gule liljene skal bort, men ikkje kastast, sjølvsagt, berre flyttast. Som Margrete sa i går: Bedet er ikkje stilig, men det er frodig. Kan ikkje vere meir enig. Eg fyller stadig på med kaffigrut-vatn; hønsegjødsel og kugjødselkompost fekk det i vår. I utgangspunktet er her svært mager jord.
PS: Der er utruleg mange humler i bedet, særleg på lavendelen.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg lurer på om humler er spesielt glade i blå blomster? På rosa rugosa-rpsa er der kveps...

Besta sa...

Marit og eg sat og følgde med på humlene, og lavendel var mest populært, men dei likte også liljene. Såg ikkje at dei brydde seg om rosene.lavendel og liljer luktar godt!