fredag, juli 22, 2016

Dagbok 2016: 22.juli: Rosedagen

Klokka er 19.00, og eg forstår ikkje kvar denne dagen har blitt av.Vi har ikkje hatt på TV før no, men eg reknar med at vi får sjå diverse glimt frå sendingane utover kvelden. Eg synest det er fint at dette er blitt ein merkedag, ein dag då ein kan stoppe opp og tenke på kva som hende, og på alle dei fine orda som var sagt den gongen om kjærleik og samhald. Margrete har gjort det til ein vane å kjøpe og plante roser denne dagen, og i dag var ho på Plantasjen og handla. Då kjøpte ho også dei rosa rosene i potte som de ser på bildet over. Eg skulle ut og ta bilde, og då var kameraet mitt heilt utan straum, så det vart berre dårlege mobilbilde. Det kan hende eg byter dei ut seinare.

Nina Weibull

Leonardo da Vinci

Allotria
I dag har eg ikkje klipt plen eller gjort anna hagearbeid. Det hadde regna sist natt, så det var ikkje så fristane å begynne på noko. Og sidan det var fredag skulle det også vaskast og støvsugast i heimen. Etter at eg hadde vaska ferdig, ringde Margrete og ville kome ein tur bortom, så eg skunda meg ned i frysaren og baka ei kake.Dermed fekk eg gleda av både kaffi og kaker sjølv også, Nils et framleis nesten ingen ting, men får i seg styrkedrikkar. Det seier seg sjølv at det ikkje blir mykje matlaging med oss. Han har lege mykje av dagen i dag også, men no har han sett seg i stolen for å sjå fotball.
Etter at Margrete hadde reist skulle eg støvsuge. Var nesten ferdig før det voldsomme tordenvêret kom. Ja, det var vel regnet som var mest dramatisk. Eg tok i alle fall ut alle kontaktar til datamaskiner og TV, så denne gongen vart ikkje noko øydelagt. 
Etter at "uvêret" var over har det kome ein og annan solgløtt.Det er ikkje så varmt lenger, berre +21 grader akkurat no. Men før middag, då eg vaska golv, rann sveitten, det er ikkje heilt vanleg for meg her på desse kantar av verda.
Det er fredag igjen og eg vil ønske alle ei god helg! Rasmus og fam. skal på skummelt Sabeltannshow i kveld.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

God helg til deg og Nils også! Som kjent er det Malakoff-helg her og vi bur slik til at vi får med oss mykje av konserten frå hagestova. I kveld var det Sivert Høyem vi lytta til ein times tid, han har rolege fine melodiar. I morgon blir det vel Odd Nordstoga og dei to eidarane, Aleks Grey og Lovespeak m/Aleksander Pavelich.
Eidabesta

Besta sa...

Sivert Høyem er ein flott artist, det same er Odd Nordstoga. Med det lydnivået som er på dei fleste artistar i dag kan ein godt ha litt avstand!Kos dokker!

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...