lørdag, juli 23, 2016

Dagbok 2016: 23.juli

Klokka er snart 22, temperaturen +18-20 grader C, målarane viser ikkje likt.
Det har vore ein fin og passeleg varm dag i dag, sjølv om sola ikkje har vore framme heile tida.
Eg har ikkje gjort mykje i dag, og ikkje har det hendt noko særleg heller.
Vi bestemte at viss ikkje Nils var i form skulle vi ikkje stresse med å fare nedover og handle. Han har lege det meste av denne dagen også, men stod opp ut på ettermiddagen og var ute ei stund. No har vi sett på TV i lag og vi har ete kveldsmat-i lag. Så det skranglar og går. Nils har ikkje vondt nokon stad, er berre slapp og appetittlaus. Godt han har styrkedrikkane sine. Dette er slikt ein må rekne med når han går igjennom ein såpass hard kur. Og når vi ser at kuren virkar er alt OK
Eg har berre surra rundt i dag, stelt litt med plantar både inne og ute. Plukka litt jordbær, bringebær og sukkererter. Jordbæra er det snart slutt på, men no modnar ripsen. Ei stund låg eg på altanen med lydbok, og så kom Marit ned og vi sat på tunet og prata. Eg har den velsigna evna at eg aldri kjeder meg, og eg finn alltid noko å styre med viss eg vil. Har ikkje lagt meg opp nytt spøt etter at eg strikka ferdig eit lestepar før i veka. det må eg kanskje gjere.
Eg er så glad for alle finevêrsdagar, men ser at kveldane alt har begynt å bli mørkare. Det gjeld å gripe dagen!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...