tirsdag, oktober 13, 2009

Morgon og kveld.


Dagen i dag har gått med til kvisting og rydding.Bjørka som vart felt i går er no under kontroll. Alle kvistar er malne på kompostkvern og kome i kompostkassene. Greiner som er tjukke nok til ved, ligg ved garasjeveggen og dei tjukke stammane ligg klar til saging og kløyving.
Nils var ute åleine heile føremiddagen, mens eg dreiv med husarbeid. På ettermiddagen gjekk eg ut og hjelpte til etter fattig evne eit par-tre timar.
Slike jobbar har vi gjort mange av! Har ikkje tal på alle tre vi har gjort kål på i løpet av dei åra vi har budd her.Min jobb har alltid vore å klippe kvistane av stammane med greinsaks- prøvde meg litt i dag også.

5 kommentarer:

solveig sa...

De har vore flinke! Snakk om å få gjort ein jobb unna!

arieldog sa...

Ja, det er eit barndomsminne; at heile familien var på vedaskogen. Eg kan ikkje hugse å ha hjelpt til, men eg ser dykk føre meg.

Besta sa...

Vi LIKAR å halde på med ved! Dei to første haustane vi var pensjo, heldt vi til i Nupen. Det var rett og slett moro, men slitsomt.Den gongen de var med, skulle vi hogge skog i Holmane, men eg trur ikkje de ungane var like begeistra som vi.

solveig sa...

Eg meiner å ha vore på slikt straffearbeid då eg gjekk i 7. klasse i alle fall. Elles så lurer eg på kor mange steinar eg eigentleg plukka då vi bygde. Eg har ein mistanke om at ein hugsar arbeidet som mykje større enn det var.

Hildegard sa...

Kjekt dette å ha rikeleg vinterved.
Rart dette, kor ein kan minnast arbeid ein ikkje var så begeistra for då ein var ungar. Verst i Torvika var når vi tok slåtten nord i Innlegda på varme sommardagar - masse fluger - og når vi skulle hjelpe far å dra slangane når han sprøyta alle dei store frukttrea, mange gonger i løpet av vår og sommar. Vi var alltid med når veden skulle oppsagast og lempast inn i vedahuset. Vi lærde tidleg å arbeide, trur ikkje vi tok skade av det. Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...