tirsdag, oktober 06, 2009

Fiskesuppe.

Vi et, som de sikkert har forstått, mykje fisk her i huset. Og i dag skal vi ha ein av favorittrettane våre:Fiskesuppe. Det er ikkje noko hokus pokus med fiskesuppa vår, men den er veldig god!
Slik lagar eg den:
Smelt litt margarin i ein kasserolle og ha i ein løk som får bli blank, men ikkje brun.
Ha i eit par skeier kveitemjøl, og spe med fiskekraft og lettmjølk.Kok ca 5 min. før ein har i gulrot skoren i skiver.Så smakar ein suppa til med,sukker, salt og Creme Fraiche (eller rømme). Heile kunsten med fiskesuppe er å balansere dei tre smakane:salt, surt og søtt. Er suppa for lite sur,kan ein ha litt eddik i. Til sist har eg i fisk i terningar og let fisken trekke i suppa til han er kokt.Heilt til slutt kan ein ha i litt grasløk.(Ein kan bruke purre i staden, men då må ein ha den i litt før.)
-------------------------------------------------------------
Denne oppskrifta kan ein variere i det uendelige, alt etter kva ein har i hus.
Fennikel kan ein ha i i tynne strimlar om ein likar det, sylta graskar er godt,( eg har sågar brukt tørka aprikosar i bitte små teningar), sellerirot kan ein bruke og andre grønsaker.
Har ein ikkje fiskekraft, kan ein bruke terning, og i staden for fisk kan ein bruke fiskebollar. Reker og rekekraft gir heller ingen usmak på suppa.
Når eg brukar Creme Fraiche i staden for lettrømme, er det fordi suppa toler betre å koke då. Eg brukar CF lett (Ekstra lett vil eg ikkje anbefale), og lettmelk.Somme tider brukar eg mjøljamning utan margarin-alt dette for å spare kaloriar. For dei som ikkje fryktar kaloriane, er det sjølvsagt fritt fram for feitare produkt som fløyte etc.Suppa blir ikkje dårlegare av det!
Obligatorisk etter suppa:Ein lang middagslur, for dette er god sovemedisin!

3 kommentarer:

solveig sa...

Denne skal vi merke oss!

Hildegard sa...

Ja fiskesuppe er godt, kan ikkje gløyme den du laga ute i Trovågen for mange år sidan. Tysdag (i dag)er fiskedag hjå oss, då kjem søstrene frå Eidsgata/skulen og får seg middag. Den yngste skal ha steikt laks, den eldste kokt torsk og raspa gulrot, noko besten og eg også likar godt.....middagslur til slutt + ein god kopp kaffi å vakne på! Eidabesta

Bjørg sa...

Eg har kopiert oppskrifta over i oppskriftmappa mi. Skal prøve ho når eg kjem heim.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...