søndag, oktober 25, 2009

Vintertid


Eg var så spent på om dataklokka gikk over på vintertid heilt av seg sjølv at eg måtte inn på for å sjekke. Det har ho ikkje gjort, enno i alle fall. Og så spørst det om eg hugsar korleis eg stiller DEN klokka......

I dag (laurdag) etter middag var det så stilt og fint at Nils ville ut på sjøen ein tur. "Det er no nesten litt gale", sa eg, "men eg er i grunnen ikkje redd for deg om du fer ut i båten åleine." Det skulle no berre mangle, meinte han, han heldt seg innabords,og så hadde han no mobilen. "Ja, den er vel til god hjelp om du ramlar uti,"sa eg, ikkje utan ironi.
Etter diverse aktivitetar la eg meg til slutt på sofaen med lydboka mi. Etter fem minutt ringde telefonen. Det VAR fiskaren. Han var i stor nød, men på land. Han hadde greidd å låse nøklane inne i bilen, og gikk og tusla på ferjekaia på Rjåneset.Ein av naboane var ute i hagen, så eg gikk bort og spurde: "Er du edru?" Før eg sa kva det galdt.Han køyrde ut med reservenøkkelen ,og snart var fiskaren heime, utan fisk. Det er vel slikt ein kallar bomtur.Men mobilen kom til nytte!

Sidan eg først er innom bloggen den 25.oktober vil eg nytte høvet å ønske bror min til lykke med dagen! Han fyller 68 år i dag.Vi gratulerer!

4 kommentarer:

solveig sa...

Sånn kan det gå. Irriterande, men ikkje farleg. Vi kan berre låse bilen frå utsida.

Elles får vi føye oss til gratulantane.

Besta sa...

Er du sikker på det? N. hadde truleg låst bilen(fjernstyring) med eine døra open. Så slengde han nøkkelen inn på setet og let att døra. Du kan no prøve om det går an, men pass på å ha reservenøkkelen klar!

solveig sa...

Ne, det har egg ikkje akkurat prøvd. Vi har kvar vår nøkkel, så det er vel berre å prøve...

Hildegard sa...

Velkommen etter!
Eidabesta

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...