lørdag, oktober 31, 2009

50 år går alt for fort !


I dag er det 50 år sidan Nils og eg ringforlova oss på Øygarden, der eg budde på den tida.Mykje har skjedd på desse åra, men når ein ser tilbake, virkar det ikkje som det er så lenge sidan.Om forlovelsesdagen har eg skrive før.
Kanskje litt dramatisk å forlove seg på Halloween, men kven hadde høyrt om det den gongen? Ringane er det lenge sidan vi tok av osså oss, fingrane vart for tjukke.....
Bildet er ikkje godt, men det er i alle fall eit minne frå tida som "piken i dalen". Bildet er frå våren 1960 og kjolen min er grøn.Det var ein ermelaus kjole med jakke over, slik moten var den gongen.

6 kommentarer:

arieldog sa...

Gratulerer så mykje! Ungane fekk sjå biletet, og eg forklarte kven det var og kva høvet var, og reaksjonen var: "forlova dei seg på Halloween?"

solveig sa...

Gratulerer herifrå og! Vi ser kven som er mest lik bestefaren...

Elin sa...

Gratulerer med jubileet. Utruleg at det er så lenge sidan! Halloween har eg ingen forhold til, prøver å roe ned elevane, tykkjer at dette kan dei halde på med i USA, kvifor skal vi ta etter dette?

arieldog sa...

Ingen tvil om kven som liknar bestefaren, nei! Når det gjeld Halloween, har eg lagt ned forbod mot å gå på dørene og tigge om snop. Det sparar vi til vi går julebukk!

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med jubileet! Artig bilete! Vi har berre hatt eit Halloween-besøk i dag, fordelen med å bu litt avsides. Minsten har influensa, trur eg. Fekk brått høg feber natt til fredag og låg slapp og feberheit på sofaen heile fredagen, men så kvikna han til. Så eg er usikker på om det er DEN influensaen eller ikkje????

Hildegard sa...

Gratulerer med jubileet frå oss to på Hildegard også. Det Besten hugsar frå denne tida, var bl.a. at han nettopp haddde hatt 18 årsdag og teke eit etterlengta sertifikat.
Eg var berre "ungmøya", nett konfirmert og gjekk på Framhaldsskulen på N.eid.
Eidabesta

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...