I dag har vi ein strålande dag her i Ørsta, sol frå skyfri himmel! Vi har vore ute og jobba heile føremiddagen.Det er så herlig å få kjenne den friske haustlufta og varmen frå sola. Vi klipte ned bringebærriset og Nils mol det på kvern, så tok vi opp eit ripstre med rot, og kvistane vart melne. Til slutt tok vi og klipte heilt ned New Dawn rosa nedanfor tilbygget og mol opp den også. Vi får håpe ho veks opp att enda ein gong. Det er sjølvsagt Nils som gjer mesteparten av arbeidet, eg går til hende, klipper litt og rakar litt.Og så er eg konsulent, for all del.No kom rørleggaren og reparerte WC, og så skal Nils på møte i VØR (Volda-Ørsta Reinhald )-der han sit i styret. Då får eg ei fredelig stund!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Ja, det har vore nokre fine dagar. Godt å få rydda vekk busker før våren kjem. Kjekt at du kosar deg ute og når ein jobbar litt, held ein varmen.
Eidabesta
Ja, det er så mykje kjekkare om ein kan starte våronna i ryddig hage. I dag har vi rydda,klipt og male opp greiner frå plommetre og diverse anna.Herlig å vere ute.
Legg inn en kommentar