tirsdag, oktober 20, 2009

Fersk torsk og lever.


I dag var eg invitert til ei av naboane til lunsj, så Nils nytta høvet til ein fisketur. Han fekk nokre seiar, ei lita lange og to fine torskar. Så i dag blir det fersk torsk og lever til sein middag. Denne retten er det lenge sidan vi har hatt, til tross for at vi et fisk/fiskemat 4-5 dagar i veka. Vi gledar oss!!!

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja dette vart nok festmiddag, og sikkert ei god middagskvild etterpå.
Eidabesta

solveig sa...

Ein av mine absolutte favorittar!

Besta sa...

Middagskvilda måtte vi kutte ut sidan det vart så seint, men det held hardt!

arieldog sa...

Fekk lyst på!

Besta sa...

Det blir forhåpentlig fleire torskefangstar utover hausten/vinteren.Eg for min del likar best det vi kallar "påstråla" torsk, dvs. salta natta over.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...