Klokka er 19.45, temperaturen er +14,5 grader C og det er overskya opphaldsvêr.
Det er tydeleg at det er haust no, for det blir tidleg mørkt om kveldane, og utan sol er det ikkje så lyst om dagane heller. Eg synest det er litt deprimerande at sommaren er slutt-den var så kort.
I dag har det ikkje skjedd så mykje, og valresultatet vart vel om lag som forventa. Ingen store overraskingar. Her i Ørsta var det Senterpartiet som gjekk mest fram, i Volda var det Krf. som vann. Voldingane er særs nøgde med ordføraren sin, og han er Krf.-reknar med at det er det som er årsaka.
Ap gjorde det også godt , dei får no 6 representantar i kommunestyret mot 4 før. Det betyr at Margrete er inne.
SV fekk inn ein representant her i Ørsta, og det var som forventa.Skulle vel ha sjekka Eid også, men eg kjenner vel knapt ei sjel av dei som er der.
No håper eg vi snart får sjå noko anna på TV enn politiske debattar.
I dag har eg ikkje vore så huslig som i går, men eg har shina opp kjøkket, og vaska og hengt opp klede.
Middag har eg ikkje laga, i dag vart det diverse restar frå frysaren.
Vi vurderte å sjå "Bølgen" i dag, men Nils hadde ikkje så veldig lyst, og eg var litt tiltakslaus.
Elles har eg hatt datatrøbbel og alle veit at då går timane. Det er laptoppen som er litt umulig, den andre maskina fungerer som ho skal, men den er treig.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar