mandag, september 14, 2015

Dagbok 2015: 14.september.

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen er + 18  grader C, og det er opplett. Vêret har vore betre enn forventa i dag, berre nokre få regndropar. Sidan det såg nokså grått ut frå morgonen av, bestemte eg meg for ein kjøkkendag. Frysaren var tom for brød, og så hadde eg planlagt å lage fiskegrateng.
Dermed gjekk heile føremiddagen med. Eg laga to brøddeigar, så det vart seks brød. Får ikkje plass til meir enn tre former om gongen. Før laga ein ofte brød i langpanna og då fekk ein plass til fire om gongen. Langpanna mi har for låge kantar til det, dessutan likar eg å ha skorpe rundt heile brødet. Eg har vore plaga med at brøda har blitt veldig smuldrete etter at dei har vore frosne, men etter at eg gjekk over til å bruke meir rug i brøda, blir dei saftigare. Eg brukar sjeldan eller aldri oppskrift når eg bakar- og eg er ingen ekspert.
Så var det fiskegratengen, den har eg fått bra rutine på, så det går greitt. Eg har ferdig kokt makaroni i frysaren+ ferdig kutta purre. Nils skjer fisken i bitar, så då er det berre å koke saus og vispe egg. Mest arbeid er det å handraspe gulrøter. Eg har så mykje makaroni i gratengen at vi slepp å ha poteter til.
Sidan eg måtte steike ferdig alle brøda først, gjekk det ei stund før gratengen vart ferdig. Etter at eg hadde fått rydda kjøkkenet og vaska opp det som ikkje gjekk i maskina, var eg ganske ferdig sjølv også. Gratengen gjekk ned på høgkant-og etterpå var det berre å innta sofaen.
Eg føler meg veldig "flink" når eg bakar og lagar mat, for eg likar i grunnen mykje betre å rydde og vaske.
Nils har funne ein fotballkamp, men han skal nedover og telje stemmer seinare, så då har eg fjernkontrollen. Men det er vel val-sendingar heile kvelden. Det er i grunnen ikkje så interessant -det er Ørsta og Volda som er mest spennande for oss. Eg reknar ikkje med å komme inn, men Margrete har ein reell sjanse til å komme inn i Volda. Ho og Amanda skal kome heim i kveld.
Rasmus har henta Buddyen sin i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...