Klokka er no19.08, og på maskina mi står det at det skal bli snø m.m. Bildet over viser korleis det er her no. I dag morgon var det snø på gata også, men den for fort vekk. Uansett trur eg at det snart er på tide med vinterdekk. Eg har gode dekk som eg kjøpte i fjor, så eg ser ikkje svart på litt is og snø på gater og vegar.
I dag har eg vore åleine heime heile dagen, men det er eg no ofte -og det er heilt greit, TV-en står no på nesten heile tida , og det er selskap i den.
I dag laga eg meg skikkeleg middag, det gjer eg ikkje så ofte, men i dag laga eg favorittmaten min; Spekesild me kålstuing etc. Eg plar bli veldig tørst etter slik mat, men i dag har det gått fint-ja eg har no drukke litt brus då, men det gjer eg støtt. Kaffi og kaker hadde eg også. Då eg sette meg inn i stolen franmfor TV, sovna eg ei lita stund,men no har eg lagt opp eit nytt strikketøy, så det held meg vel vaken.
Eg har fyrt i omnen i dag, og no får eg til å late opp og att omnsdøra. Eg kan ikkje seie at eg likar dette veret, men alt er betre enn mykje snø og kulde.No er det 2-3 +grader her, men det blir vel kaldare til natta.
Eg ser at naboar har begynt å henge opp julelampar-men eg ventar litt med det. I seinare år har eg "pynta" til jul i heile desember, det kjem eg til å gjere i år også. I gamle dagar var det julepynting heilt inn i jula, slik er det ikkje no. Eg tek fram litt og litt av julepynt,
Og eg synest det er kjekt å sjå att all julepynten, mykje er gammalt. Men eg ventar i alle fall til desember
Det er mykje eg elles skulle ha gjort, men ryggen gjer at eg ikkje kan styre på slik eg eigentleg vil.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar