mandag, juni 30, 2008

Ut mot havet.







Alle barna, svigerbarna og barnebarna, minus to, er på ferie i Sverige, og vi gamle er framleis heime. I dag tok vi oss ein tur gjennom tunnelen og besøkte Fosnavåg og Ulsteinvik. I Ulsteinvik er vi relativt ofte, men Fosnavågen har vi ikkje sett på mange år. I dag var vi heldige, det var fint ver, og vi fekk skode havet. Øya Runde ser vi lengst ute til høgre i bildet.

I Ulsteinvik var vi inne på opp til fleire kjøpesenter, men til tross for at alle butikkar er fylt opp med varer, fekk eg tak i berre ein av dei tre tinga eg var på utkik etter.Vi åt Kina-mat på "Sunt og nam" (FOR eit namn) på Blåhuset i Ulsteinvik. Så då vart det som ein liten feriedag på oss også.

I Fosnavågen fann Nils ein kompis med same interesse som han sjølv, som han slo av ein prat med.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vakkert bilde, kjekt at de tek dykk turar, og no skal det bli fint ver resten av veka. Besten har montert motoren i den vesle raude jeep lastebilen, det var eit C-moment med dårleg skuler, men no startar han. Motoren vart overhala i Tr.h., så no går han fint. Eidabesta

arieldog sa...

Kompisen ser litt fåmælt ut....

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...