onsdag, juni 11, 2008

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Artige minner. Frå 1965, då vi flytta inn i 2. etg. hjå Eivind og Hilda, besteforeldra til Svein, henta han farmor Amanda ned til oss i bilen dei kveldane vi gjekk på kino for at ho skulle vere barnevakt. Dette var einaste underhaldninga vi unte oss dei første åra, og vi var heldige som hadde henne å spørje. Seinare kom svart-kvitt TV-en, og farmor lika godt å sjå TV når ho var her. Hugsar at vi hadde bil-batteriet ståande på kjøkkenet kaldaste vinteren for at bilen (den raude Vauxhallen)skulle starte. Eidabesta

Hildegard sa...

Svein hugsar episoden med deg og pedellen, Bertil Sundal. Han sat i salen og såg det som hende. Jan P og han hadde betalt vaksen billett frå sesongstart - var vaksne for alderen, smartingar, ingen torde vel å sladre på dei (konf. boka Rabarbrakrigen, der gutane tenkte ut mykje fant). Sikkert nokon som ikkje fekk kome inn som sladra på deg. Eidabesta

Besta sa...

Eg var vel ikkje så smart. Hadde vore på voksenkino før, men då det kom ein film som var tillatt for barn, betalte eg barnebillett. Det var vel det som røpa meg. Haldis, som eg var i lag, med slapp å bli jaga ut, og ho var 14 dagar yngre enn eg. Bittert.

solveig sa...

Det er andre tider, ja. Trur ikkje nokon hadde brydd seg i dag. Ein hadde vel, med rette, vorte mest irritert på sladrehankane.
Eg hugsar eg sneik meg inn på Hjortejegeren nokre månader før eg var 18. Den gjorde eit sterkt inntrykk. Eg har sett den på TV seinare. Ein klassikar det også.

Besta sa...

Hjortejegeren har eg sett fleire gonger, men det har vore på TV/video.Dansescena som er henta frå Singing in the rain har jo også blitt ein klassikar.Med Gene Kelly. Eg får så lyst å hoppe i vass-søyler når eg ser den!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...