onsdag, juni 11, 2008
Meir nostalgi.
1950-talet var det store tiåret for musicals;og tallause er dei song- og dansefilmane vi såg på kinoen i Valhall dei åra.Den tida var jo det å gå på kino stort sett det einaste underhaldnings-tilbodet vi hadde.Kinobillettane var heller ikkje avskrekkande dyre, 75 øre for born, og 1,50 kr for vaksne.Filmane vart viste i den store flatsalen i Valhall der det vart fyrt i to store, svarte rundbrennarar på kalde dagar, ein framme ved scena og ein bak ved døra. Midt i filmen var det pause, og då kunne det hende det vart litt bråk og tøys, men det gikk ikkje så lenge før vaktmesteren var på plass og snakka til oss.HAN hadde vi respekt for.Eg vart under ei durabelig skennepreike jaga på dør i full offentlegheit den gongen eg hadde "lurt" meg inn for å sjå SNEEN PÅ KILIMANJARO ca 14 dagar før eg fylte 16 år.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:19.august
NB: Eg har rydda bort dette no. I dag var dei og henta boss, og eg fekk av garde mykje, men her er enno noko att til neste gong-og det er ve...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
1 kommentar:
Eg har eit kinominne eg òg. Storebroren min skulle på kino ilag med meg, i mangel på tilgjengelege kompisar. Nede på kinoen traff han ein han kjende, og så kjøpte dei billettar på rad 13 til seg sjølve, medan eg fekk ein billett til rad 8...
Legg inn en kommentar