Det er litt rart når minstejenta rundar 40-då lyt ein nesten akseptere at ho er vaksen?Fekk nettopp melding frå henne. Då var dei komne fram til Morokulien etter å ha kjørt i heile natt. Eg visste heldigvis ikkje om det,trudde dei venta til i dag. Dei er på hundeutstilling med to hundar, og alle borna er med. Dei kjem heim att på sundag, for Lars har ikkje ferie enno.
Oppdaga at eg har lite bilde av dei vaksne i familien, det er ungane som blir fotograferte for det meste. Dette bildet er saksa frå eit av bilda som vart tekne på konfirmasjonsdagen til Ingeborg.
Vi gratulerer den spreke og sporty jenta/dama med dagen!
1 kommentar:
Gratulerer med dagen! Og lukke til på hundeutstillinga!
Legg inn en kommentar