I dag kan vi gratulere Elin med dagen. Er ikkje sikker på kor gammal ho har blitt, men er det så nøye?
Gratulerer med dagen, Elin!
Forutan å vere ein meister med symaskin og div. handarbeid, har du også eit assortert utval av dyr. Sidan eg er eit "kattemenneske" må eg innrømme at eg er litt avstandsforelska i Bottolf den 2., som eg hittil berre har sett på bilde. Det er grunnen til at eg sender deg ein kattevideo som helsing på dagen.Ha ein fin dag! Og så er det vel sommarferie for utslitne lærarar?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.november
Klokka er no19.08, og på maskina mi står det at det skal bli snø m.m. Bildet over viser korleis det er her no. I dag morgon var det snø på ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
2 kommentarer:
Tusen takk for det! Er fødd i 55, så du veit, ein har vel fått første frostnatta.... Rart å tenkje på at det er første gjebusen min utan far. Han hadde fylt 90 år i dag.
Og ja, til helga tek eg ferie frå skulearbeidet!
Eg hugsar at du og Kåre hadde samme dag. Då er det altså 10 år sidan den gedigne 80-årsfeiringa som vi fekk vere med på.Etter kvart som åra går, får ein lyst til å bremse på farten-av tida altså.Det andre bremsar seg sjølv.
Legg inn en kommentar