søndag, februar 03, 2013

Dagbok 2013: 3.februar.

Klokka er snart 14.00, bildet over er tatt tidlegare i dag, no er det ikkje sol. Men det er opplett og rimelig bra temperatur, +3 grader. Nils måtte moke litt i dag også, for dei hadde vore her og skrapa vegen, blant anna.
Elles har vi gått oss ein frisk tur fram til Engeset, der vi budde for 40 år sidan. Det var mykje is og glatt på vegane, men eg hadde broddar på skorne, så det gikk heilt fint. Eg var frostig før eg kom med ut, men no er temperaturen på topp. Eg sov dårlig sist natt fordi eg verkte i magen. Det er vanlig at eg ikkje toler så godt HOT  Taco, men MÅ berre ha det av og til.
Her var huset vi flytta inn i etter å ha budd på Melle i 5 år. Vi budde her i 3 år. Huset er blitt ombygd sidan den gong. Vi budde i første etasje, huseigaren i etasjen over, men då var der ikkje vindu nedover. Sidan den tid har dei løfta taket og fått full høgde oppe. Dette skriv eg, for det kan hende dei som besøkte oss der ikkje kjenner seg att.
No har det kome enda eit tilbygg, såg vi i dag. Eg hugsar kor svært vi tykte det var å flytte hit etter å ha budd i det falleferdige huset i Melsbygda. På Engeset hadde vi skikkelig bad, to stover og stort kjøkken. Og den tida greidde vi oss med to små soverom. Fekk vi gjestar, fekk vi låne eit rom i kjellaren. På nedsida av vegen budde ein familie med fem barn, så ungane våre hadde leikekameratar. Dette vart litt mimring. 
No skal vi ha oss ein kaffikopp og ei brødskive, så lagar vi middag seinare. Det blir sei i ei eller anna form i dag.

2 kommentarer:

Svein Nordal sa...

Eit artig sammentreff: Foreldra mine og dei to eldste søskena mine budde faktisk i den leilegheita i 1957/58. Då var far min lærar på Velle skule, og deretter flytta dei til Syvde.

Besta sa...

Og eg begynte som lærar på Velle i januar 1971.Då budde vi i det huset, og vertinna passa Margrete mens eg var på skulen.

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...