søndag, februar 03, 2013

Bok nr. 5 - 2013: Fru Inés .

Amalie Skram har aldri fått den plassen ho fortener  i norsk litteratur. Etter mi meining er ho fullt på høgde med dei fire store, som levde og skreiv om lag samtidig.
Denne romanen kom ut i 1891, men virkar på mange måtar veldig moderne, eller aktuell , når ein ser bort frå språk og miljø.
Dette er også ein kvinnesaksroman, men av ein heilt annan kvalitet enn "Kjerringer".
Boka er på 3 CD-plater og blir framifrå lesen av Bente Børsum. Språket er berre nydelig, skikkelig gammalt snirklete riksmål, eller dansk-norsk om ein vil. Eg er veldig svak for den danske syntaksen. Og opplesaren gjer ikkje noko for å fornorske språket, men les med bløte konsonantar t.d.
Ingen må misforstå meg; eg meiner ikkje at vil skulle skrive slik i dag, men vakkert er det.
Kva boka handlar om, kan de lese om på nettet. Og boka må sjølvsagt lesast ut frå den tid den vart skriven.
Eg anbefaler å lese bøker av Amalie Skram, denne inkludert.

1 kommentar:

solveig sa...

Einig i at ein bør lese Skram. Ein lærer mykje om korleis det var den tida.

Dagbok 2025: 25. april

 Klokka er no16.30, temperaturen ute er + 11grader C og sola skin frå skyfri himmel. Og eg hadde engen ting eg måtte i dag, men mykje som eg...