tirsdag, april 29, 2008






I dag har eg lese ut denne boka, Tyskerungen.Historia er i og for seg spennande og interessant nok, men etter mi meining er her alt for mykje "bakgrunnsstoff" som har lite eller ingen ting med fortellinga å gjere.Vi treng ikkje å få vite om kvar einaste tekopp og kake som blir konsumert t.d..Pjatt vil eg kalle det.Kjem i hug ein kommentar eg fekk under ein stil ein gong.Norsklæraren skreiv:Du har så lett for å skrive at du står i fare for å bruke for mange ord. Eg lærte noko av den kommentaren.
No har eg så vidt begynt på ei ny bok, På grunn av et løfte.
MP 3 spelaren svikta totalt på sundag, men då eg grov fram att den kasserte Walkmanen så virka den som aldri før. Forstå det den som kan.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har ikkje sett MP3 spelaren din, men viss den sviktar, er det kanskje muleg å stikke ein binders inn i eit tynt hol der det står reset. Eg likar heller ikkje pjattete bøker. Hanne Ørstavik sine bøker vart eg lei av.

Besta sa...

Ja, den boka hennar som eg trudde skulle handle om bestemora sitt liv i Kina, vart jo BERRE digresjonar. Å filosofere over sitt eige liv, kan ein gjere kvar for seg.
Når bøker inneheld eit utal setningar som t.d."Hun hadde sukker i teen og rørte rundt med en teskje".....då får eg nok.

arieldog sa...

Ja, då kan vi like godt lese bloggar! :)

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...