tirsdag, april 08, 2008

Trening i heimen.




Eg går no til fysio-terapeut og trener hofta mi.Det paradoksale er at no er eg faktisk meir plaga med skulder og nakke. I første omgang skal eg trene, seinare vert det ev. anna behandling. I heimelekse fekk eg nokre øvingar eg skulle gjere pluss oppskrift på eit enkelt men genialt treningsapparat. Sidan eg veit at andre i familien har same problem, får de oppskrifta her:
Du treng ca 3 meter flaggline+ ei lita trinse.Legg tauet over trinsa og lag eit handtak i begge endar.Knyt ein tauende i trinsa og lag ein knute. Fest apparatet ved å legge tauenden over dørbladet og lat att døra. Og så er det berre å drage! Bilda talar vel for seg.Nils måtte vere fotomodell, noko han ikkje har noko imot.
For å få maks ut av treninga, bør ein varme opp med t.d. ei varmepute på førehand.






9 kommentarer:

arieldog sa...

Dette såg morosamt ut! Håper det har ein effekt!

arieldog sa...

Minner forresten om pilking?!

Besta sa...

Slik talar ein ekte suling!Fysioterapeuten samanlikna med skigåing,dvs.stavtak.Det er ein veldig lett og enkel måte å trene på.

solveig sa...

Eg er glad for at fysioterapeuten har gode råd (får vi håpe). Det må vere det billegaste treningsapparatet eg har sett.
Sunnmøring.

Besta sa...

I alle fall får eg trena bicepsen litt, men eg trur ikkje eg vert bra utan behandling.Eg er fødd pessimist.

solveig sa...

Det må no vere trening i tillegg til behandling!

arieldog sa...

Kunsten er vel å begynne forsiktig utan å bli overmodig.

Anonym sa...

Lykke til med treninga! Eg er ikkje noko flink til eigentrening innandørs. Hilde

Besta sa...

Veit du! Eg er alt mykje betre i nakke og skulder etter dei små treningsøktene. Eg har nokre øvingar som eg kan gjere t.d. når eg ser TV og så dreg eg litt i snorene.Det er mannen til fysioterapeuten min(som også er fys.) som har "funne opp" dette genialt enkle treningsapparatet.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...