Ruth og Harald var innom, så dei fekk med seg litt, og så vankar det litt fisk til diverse naboar også.
Det blir vel fleire fisketurar?
Vel heime fekk han melding om at forsikringa for vass-skaden i kjellaren er betalt inn på konto etter mykje om og men, så i dag vart det bra fangst på meir enn ein måte.
3 kommentarer:
Flott at det ordna seg med forsikringa! Skulle berre mangle. Det må ha vore nydeleg på sjøen? Her har det vore 14 grader på det beste.
Kjekt at fiskesesongen er i gong att. Nils er fagmann på både fisking og stell av fisk så du er heldig. Her blir det litt meir teamwork, mannen fiskar og kjerringa sløyer, men det går det også.
Eidabesta
I går hadde vi fersk torsk og i dag seibiff. Det var herlig å få skikkelig middagsmat igjen.Ja, eg er heldig, slepp å ta i fisken. Det hadde vel ikkje blitt godkjent om eg hadde gjort det, heller.
Legg inn en kommentar