tirsdag, april 22, 2008

Nydelige dagar.

Veret siste dagane har vore så utruleg fint.Og vi har vore mykje ute; Nils har jobba i hagen, mens eg har lagt på altanen mykje av dagen. Husarbeid tek eg morgon og kveld.I dag for N. av gårde med båten for første gong i år, så no er eg veldig spent på om det blir fisk til middag. Vi har vore utan fisk ganske lenge no.Blomstrane som eg fekk med Solveig før påske har overlevd. Krokusane er ferdigblomstra og perleblomstrane syng på siste verset, Men dei nydelige narcissane står på sitt vakraste no. Veit ikkje kva denne sorten heiter.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg har slike i år, og hadde i fjor. Spørs om eg sette ei ein utsett plass eller om dei kjem att. Perleblomstrane eg kjøpte og hadde i krukke, kjem i alle fall att. Kanskje til 17.mai? Held det fram med dette veret, kan det gå fort!