I dag er det 20.dag jul og siste frist for dei som ikkje har kasta ut jula enno.Eg hugsar eit år vi hadde juletre til langt ut i februar, vi tok vekk pynten og hadde berre lysa på. Treet dryssa ikkje, men fekk lange, nye skot. Vi hadde i grunnen tekt å ha det så lenge det stod så fint, men vi vart lei før treet.
I dag har det vore nokså kaldt, ca minus 8 då vi var nedover på føremiddagen; no har temperaturen stige til minus 4 grader C. Det er såpass skya at vi ikkje har sett sola i dag.
Har ikkje gjort det minste grann i dag. Låg vaken heile natta og verkte i ryggen, er ikkje bra no heller. Somna ei stund mellom 6-9, men det med søvn er ikkje så farlig når ein ikkje skal på jobb.
Vi hadde ærend nedover i dag også, Nils skulle på bilbutikken og i banken, eg skulle på biblioteket. Forlenga lånetida på "Barfotdronningen", og sette meg på venteliste på fleire nye bøker som er i kjømda. Fekk med meg ei flunkande ny bok heim i dag også.
Skulle ha litt småtteri på Amfi også, og så passa vi på å bruke dei fleste av tilbodslappane våre på Coop.
Vi trefte mykje kjentfolk, blant anna ein nabo som var ute i same ærend som eg. Det vart til at vi kjøpte oss heilt like "innesko". Her heime går eg for det meste på sokkelesten, men når eg skal på besøk er det godt å ha eit par sko som er lette å ta på og av.
Til middag i dag åt vi sild og egg+ brødskiver. Vi tærer enno på julelageret.
No skal vi sjå filmen "Ni liv", som vi har tatt opp.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 30.juni
Klokka er no19.48. temperaturen ute er + 16 grader C, det har vore litt nedbør av og til i dag, men ikkje mykje. Men det er ikkje sommar på...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Håper ryggen din kjem seg, kanskje mildveret som kjem er ein fordel. Jula er kasta ut her. Berre ei julestjerne har snike seg unna.
Legg inn en kommentar