mandag, januar 27, 2014

Dagbok 2014 - 27.januar

Klokka er 16.15, temperaturen er + 1 grad og det har vore nydelig, lettskya vêr ute. Vi har fått sola inn i stova to gonger, først frå 10.30 - 12, og så var ho her ei lita stund rundt klokka 14.00.
Nils var inn og rydda litt på hogstfeltet sitt, og tok ned nokre små oretre, slik at det skal sjå pent ut.
Eg sette i gang med å rense teppegolvet på stova med den nye tepperensmaskina. Hadde ikkje tenkt at eg skulle ta heile golvet på ein dag, men det gjorde eg. Det var ikkje så tungt. Tok litt i gangen også, men då var det slutt på teppesjampoen. Og då kom Nils heim.
Eg steikte pannekaker til middag i dag, måtte bruke opp litt av alle egga vi har hamstra. Vi har eit ekstra kjøleskap i kjellaren, og så gløymer vi å bruke det vi lagrar der.Brått har vi veldig mykje egg som snart er ute på dato.
Med det same vi var ferdige å ete, ringde Rasmus, og han og eg prata mens Nils tok seg ein middagslur. Rasmus har vore til fastlegen, og er no friskmeld 50%, og sjukmeld 50%. Så no må han berre avtale med arbeidsgjevar korleis det skal ordnast. Han skal også gå til fysioterapeut, og trene heime. Han får nok plagast ei stund.
Eg synest det er litt dumt at eg ikkje har vore ute i dag, men så er det slik at det er dei fine dagane ein får arbeidslyst inne også. No har eg shina opp kjøkkenet, men så har eg tenkt å begynne på eit nytt handarbeid.
(Bildet er tatt frå altanen i dag klokka 16.00).

2 kommentarer:

Anonym sa...

Her på Kongsberg laver snøen ned nesten ustoppelig. Får trimma seg nå. W

Besta sa...

Ja, snakka med Rasmus. Vi kunne godt hatt litt meir snø her. Eg har ikkje hatt ute sparken i vinter, og det saknar eg. Men Margrete som bur slik til som ho gjer, er glad for å sleppe snømòking.Eg trur nok vi får snø i februar.Reknar med at du får det ekstra slitsomt med all snøen i tillegg til alt anna.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...