torsdag, januar 09, 2014

Dagbok 2014: 9.januar

Klokka er 16.30, temperaturen ute er + 3 grader, og det merkast  inne at det ikkje er så mildt lenger.
I dag var vi oppe i "skikkelig" tid, for Nils hadde avtale med ein kamerat om fisketur. Eg hadde ikkje anna på programmet enn støvsuging og klesvask, så eg var ferdig før han kom heim med passelig mykje sei. Klok av skade fiskar han ikkje for mykje om gongen, då blir det for mykje etterarbeid.
Eg nytta litt av åleinetida til telefonsamtale med ei veninne i Stavern. Det kan gå vekesvis mellom kvar gong eg brukar telefonen, det er Nils som brukar DEN.
Vi tok oss berre ein kaffikopp og ei brødskive då han kom heim, så vi har middagen til gode. I 18-tida ventar vi Håkon som skal få fiskefarse med heim, så Solveig får lage blandaball.
Eg har site ved datamaskina ei stund no på ettermiddagstid. Skulle skrive litt om pensjonistmøtet neste veke, og måtte hente litt opplysningar på nettet. Godt å halde seg "litt i ånde" og ikkje bli sløv før tida.
Blei for sein å ta bilde i dagslys i dag, det mørknar så brått; men eg såg i alle fall rosa skyer i aust. Trur det blir vinter no, håper det kjem litt snø før vi ev. får kulde. Berrfrost er ikkje bra for hagevekstane.
I dag kan vi gratulere fetter John Per med dagen!

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Tida har gått fort denne veka også, merkeleg nok, snart helg igjen. Eg også håper på litt snø før kulden kjem, kan vel bli langvarig når det først snur. Det positive er at det blir lysare dagar, men sola kjem ikkje her før kring 20. febr.
Eidabesta

Anonym sa...

Er stundom innom og les litt her sjølv om eg ikkje gir frå meg så mykje lyd. Litt i tidlegaste laget ønsker eg dykk ei god helg! -OOT

solveig sa...

For eit par dagar kika eg ned i frysaren og tenkte det var synd det var slutt på blandaball. Laurdag skal vi ulyste oss og så fryse ned litt.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...