Klokka er no 19.50, t3mperaturen ute er +14 grader C, og no skin sola, det varte og rakk før ho kom fram i dag.
I dag hadde eg mykje eg skulle gjere,og eg fekk Erlend til å hjelpe meg litt med klipparen, så no skal eg greie meg sjølv. Veldig godt å ha Erlend her, han er så flink med både TV, Datamaskin og TV. Og eg treng mykje hjelp . Men no skal eg i alle fall greie klipparen sjølv.
I dag jobba eg med å finne fram sengklede til meg sjølv og til dei som kjem til neste helg. Eg vaska det som skulle vaskast og redde opp senger så bra eg kunne. Det er ikkje all verda til plass på gutterommet, men eg håper dei kan vere der i år også. Det er familien til Rasmus eg siktar til. Han har tre sønner på 16, 20 og 24 år viss eg hugsar rett. Veldig kjekt for ei gammal bestemor at dei unge kjem på besøk. Og eg må seie at dei er flinke å komme innom alle når dei er i nærleiken.Dei flest barnebarna bur i byar rundt omkring, ikkje mange att her.
Eg har jobba i hagen i dag også. har luka ugras med hand og klipt plen med maskin etc. Naboen min gjorde ein kjempejobb nedst i hagen der tomtene vår møtest, men så er ho veldig flink også. Eg likar å halde på ute, men eg har ein tendens til å overdrive av og til. Eg kan ikkje forvente å greie allverda når eg er åleine om jobben.
Etter at eg slutta å jobbe i kveld laga eg meg god middag med steikt torsk som Solveig har kjøpt frosen. Den var veldig god. Eg har ikkje ete mykje fisk etter at Nils slutta å fiske då han vart sjuk. Mens han var frisk åt vi fisk og fiskemat nesten kvar dag. Og vi likte det-begge to.
No skal eg ta opp frå tørketrommelen siste klesvasken for i dag. Eg har litt vanskar med å vite kva dag det er , men eg har kalender som viser at det er fredag i dag. Det er neste helg Rasmus og familien kjem. Eg ser veldig fram til det-og så har dei nok bilen min med også, Den er GODKJEND!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar