mandag, juli 27, 2026

Dagbok 2026: 27.juli


 Klokka er no 16.37 Temperaturen ute er +11graderC og det regnar og regnar. Eg får ikkje gjort så mykje i hagen som eg hadde tenkt, men eg har rydda litt meir i garasjen, og så tok eg med  diverse trefjøler etc. inn ,og fyrer i omnen, så no har eg slått av varmepumpa for ei stund og har det kjempevarmt, slik eg likar det.

I dag hadde eg tenkt at eg skulle fare nedover og kjøpe blomster til grava, men eg slo det frå meg. Hadde ikkje lyst å plante når det var så vått. Derfor har eg jobba litt her heime i garasjen og elles. Eg har samla i hop svarte sekkar som eg brukar å ha hagerusk i. Men no blir det ikkje så mykje rusk lenger så derfor ville eg vaske sekkane og henge dei på tørk -når det blir betre ver.

Rasmus hadde ei fabelaktig sag som han brukte til å sage opp slikt som vi hadde liggande av fjøler etc.. I dag fyrer eg med den "veden" og har det kjempevarmt og godt og varmepumpa får kvile seg. Eg likar å ha det varmt uansett.

Eg har mykje eg kan gjere inne, men eg er liksom meir gira på å jobbe ute no sommars dag. Eg lurer litt på om eg skal prøve å strikke igjen, handa mi er bra no, men eg vi ikkje risikere å bli låk igjen. 

Eg har mykje å gjere no når eg har fått att bilen. Eg må til dømes klippe håret mitt.

Desse sommarmånadane går så altfor fort, men heldigvis har August igjen, håper på fint ver etter kvart.

No må eg snart finne meg noko  til middagsmat, og så får eg sjå kva eg finn på resten av dagen/kvelden. Eg er ikkje så god i føtene for tida, så det blir ikkje mange turar på Vernet . Eit kvart er det støtt-og eg er ikkje ung lenger, dessverre.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 27.juli

 Klokka er no 16.37 Temperaturen ute er +11graderC og det regnar og regnar. Eg får ikkje gjort så mykje i hagen som eg hadde tenkt, men eg h...