I dag hadde eg tenkt ut at eg skulle til VIk med bil. Litt rart og sitte bak rattet igjen etter mange veker; men det gjekk heilt fint, eg hadde ikkje gløymt korleis eg skal køyre. Eg var på Legesenteret og bestilte time med den nye legen min. Det var den "gamle" fastlegen som hadde sagt eg skulle gjere det. Etterpå køyrde eg bor i Vik og bestilte hårklipp.
Og på heimvegen handla eg på KIWI. Veldig godt å ver sjølvhjelpt igjen sjølv om det var kjekt med alle handleturane med slekt og venner.
Marit var åleine heime i dag, så eg var der oppe ei stund, vi har ikkje snakka med kvarandre heile veka når eg hadde besøk-. Ja, det var ikkje akkurat ferie for dei,som jobba nesten heile tida. Men eg er veldig takknemlig for alt dei gjer no når eg greier så lite sjølv. EG har vore låk i minst ein fot nokre dagar, men eg kjem meg litt etter kvart ,og håper å få jobbe meir i hagen. Handa mi er ganske bra no, så eg får kanske til å gjere meir etter kvar. Eg har ein fot også som er litt trøblete, så eg får ikkje gå så mykje som eg helst vil. Saknar å gå på Fonnvernet. Men slik er det, eg er ingen ungdom lenger og yngre blir ein ikkje. I dag hadde eg veldig lyst å rydde litt i hagen, men det regna litt så eg heldt meg inne. Det var avis i dag og dermed hadde eg litt jobb med å løyse Sudokuar.No fekk eg eit lite sjokk! Eg såg på klokka og den var10 på 7. Eg trudde ikkje det leid så langt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar