søndag, juli 26, 2026

Dagbok 2026:26.juli


 Klokka er no 18.24, temperaturen ute er +11 grader og det har regna i heile dag, trur eg. Eg har halde meg inne og slappa av, men i morgon skal eg rydde i garasjen såpass at eg får inn bilen, så han slepp å stå ute.Eg ville ikkje halde på med det i dag når det er søndag.

Eg har ikkje gjort mykje anna heller. har sete i ein stol for det meste og sovna framfor TV-en . Litt rart å bli åleine igjen, men det er eg no vant til-

Eg har ikkje gjort noko i heile dag som er verdt å nemne-men eg har planar for morgondagen. Håper det sluttar å regne.



Det er mange bilar i gata, mange fleir enn dei som er på bildet., det er minst to bilar i kvart hus  no for tida. Og vi som bur såpass langt frå sentrum, vi treng bil. Det merka eg godt då eg vart utan, så eg er veldig glad for å ha bilen igjen. I går var eg på gravplassen og såg korleis der stod til, i morgon har eg planer om å plante blomster på grava, viss veret blir nokonlunde. Eg har mange ting er skal gjere no framover så eg kjem ikkje til å kjede meg. Eg har ikkje bestemt om eg skal begynne å trene igjen; eg slutta på grunn av den vonde handa, men den er bra no.
Vi er så å seie ferdige med juli, men august er no også ein sommarmånad, i min barndom begynte ikkje skulane får 1.september, så då hadde vi lenger ferie enn dei har no-


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:26.juli

 Klokka er no 18.24, temperaturen ute er +11 grader og det har regna i heile dag, trur eg. Eg har halde meg inne og slappa av, men i morgon ...