Klokka er ca 18.00, temperaturen er +11 grader og det er lettskya og fint ute.
Eg sit inne og lengtar ut. Forkjølinga har berre blitt verre og verre til denne tid, så det er ikkje mykje eg orkar.
Tok meg saman og gikk på styremøtet i pensjonistlaget frå kl.13-15. Sidan har eg stort sett lagt på sofaen. Eg er ein veldig lite tolmodig pasient, for å seie det forsiktig. Og så har eg så mykje eg skulle ha gjort. Kan ikkje forstå kvifor eg vart forkjøla NO. Pensjonisttreffet på Velle skule måtte eg melde avbod til.
Ja,ja det er no slikt som går over, så det er berre å ta tida til hjelp. Ikkje skal eg på jobb heller.
Har eit par skriverier som eg må ha ferdig før morgondagen er over, men det går vel bra. Og så spørs det om eg får gå på kino i morgon og sjå den filmen som eg har reklamert så mykje for.
Time will show.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:13.September
Klokka er no ca19.30, temperaturen ute er +9 grader C , det er skya og grått +regn. Ikkje farleg å bli sittande inne ein heil dag då. For e...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar