onsdag, april 18, 2012

Bok nr.16 2012: Hjemstavn


Hjemstavn - Arnaldur Indridason  Silje Beite Løken
Eg har lese alle kriminalromanane til denne islandske forfattaren og likt dei fleste godt. Dei to siste eg las var litt annleis enn dei andre, sidan hovudpersonen Erlendur ikkje har vore til stades. Han reiste på ferie, men ingen veit kvar han er. No veit eg det. Han har reist til ei bygd i nordaust-Island, der han budde i barndommen. Han kan aldri gløyme kva som hende ein gong då han og veslebroren var med faren, og dei kom ut for snøstorm. Broren var aldri funnen, og Erlendur har i alle år gått rundt med skuldkjensle for det som skjedde.No vil han enno ein gong prøve å finne ut kvar det vart av broren. Når han kjem til heimbygda får han høyre om ei anna forsvinning også. Ei kvinne forsvann sporlaust i 1942.
Erlend har såleis to "cold cases" å finne ut av.
Det eg likar best med desse bøkene er skildringane av livet på Island i notid og fortid. Om segner og folketru og mykje anna.
Eg tykte denne boka vart litt langdryg, men trur det kom mest av at eg har hatt for mange tilbakespolingar. Elles held eg fast på omgrepet "Krim for eldre".

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...