torsdag, april 12, 2012
Vemelding 12.april 2012
Klokka er snart halv tre. Ute er det lettskya og ganske fint, men sidan det er litt vind er det nokså kjølig. Temperaturen er 11 grader C.
Nils har drive og kløyvt ved i dag, så han held sikkert heten om han er ute.
Sjøv tok eg "fredagsvasken" inne, pluss at eg baka brød; dermed er eg fri om vi skulle finne på noko i morgon.
No er snøen nesten vekke nede på plenen, og det er trist å sjå krokusane som ligg som vrak utover. Men heldigvis fann eg ei lita tue med scilla, enda ein av årblomstrane som eg set slik pris på. Dei blå blomstrane oppe veg garasjen, blomstrar så snart snøen er borte. Det er ein form for campanula.
Eg kjenner mange som har fødselsdag i dag, mellom anna svigerinna mi, Anne Marie. Ho er ein sprek 77-åring. Vi gratulerer henne med dagen!
Johanna, mor til Anne Marie og Nils(+Rolf) var også fødd den 12.april. Ho fekk føste barnet på sin eigen fødselsdag. Svigermor var fødd i 1909.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Her er snøen vekke frå plenen!
Eg er så frustrert over alt det nye på bloggen-utforming, bakgrunn etc. Alt er endra og eg får ikkje til å gjere det eg vil. Skal tru om det går an å få tilbake det gamle oppsettet?
Her er det stort sett bert nedanfor huset, men snø på baksida.
Legg inn en kommentar