onsdag, april 11, 2012

Vermelding 11.april 2012



Klokka er 14.00, temperaturen er + 13 grader, det er overskya og opplett.
I dag fann Nils ut at det var råd å fare på sjøen, så det gjorde han. Han kom heim med rikelig sei, både smått og stort. Heldigvis har vi naboar som likar småsei, for den må etast med det samme. Eg kjenner at eg gler meg til middag, altfor lenge sidan vi har hatt fersk fisk.
Mens Nils har vore vekke, har eg drive med husarbeid, som vanlig, Har mellom anna baka to sortar brød. Mine brød har eg laga etter sjølvkomponert oppskrift, er litt usikker på resultatet. Dei er i alle fall 100% grove. Prøver å langsteike dei for dei kjennest litt "blaute" ut.(Skulle eigentlig lage Ingers, men hadde ikkje alle ingrediensane innan rekkevidde.) 
Må nedom biblio i dag også og levere inn att boka som var "feil"-sende ein mail på FB i går. Dei skulle skaffe plata som mangla. Skulle eigentlig ha vore ute, men har ikkje noko å finne på ute så lenge som snøen ligg her.I dag verker eg ikkje i hofta, så då har eg tru på endring i veret.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...